Arrangement

OSEANA_Illustrasjon Dama til Mozart 061016.jpg

Dama til Mozart

En humoristisk introduksjon til opera.

Møt Constanze Mozart og systrene hennar i denne korte introduksjonen til opera

Dama til Mozart er ein helt ny kammeropera basert på livet til Constanze – sopranen som var gift med Wolfgang Amadeus Mozart.

Livets vande gong får ein brå slutt for tre systrer den dagen den unge Mozart kjem på besøk. Han frir til den eine, får den andre og let vere den tredje. For ei av dei blir ekteskapet med Mozart som ei berg-og-dal-bane. Medan Constanze prøver å øve på ektemannen sine nyaste ariar, må ho også bade babyen, stryke Mozart sine skjorter og handtere kreditorar som bankar på døra. Kva skjer med Constanze og dei to systrene hennar etter Mozart sin mystiske død?

Bergen Nasjonale Opera og regissør Tom Guthrie har skapt ein morosam og rørande historie om livet til familien Mozart. Operaen er ein kort introduksjon til opera og til dagleglivet til ein av verdas største komponistar. Dama til Mozart har premiere på Larvik Barokkfestival og Mimi Goes Glamping før den turnerar i Hordaland hausten 2016.