Arrangement

Politietsdagmindre.jpg

Politiets dag

Bli kjent med politiet og hvordan de jobber!

Laurdag 31. august kl 10.00 går politiets dag av stabelen. Både vaksne og born har høve til å bli betre kjent med oss i politiet og kva vi jobbar med. Velkomen til eit hyggeleg og gratis arrangement på Torgallmenningen med stands og ei scene med mykje gøy utover dagen.

Program:
kl.10.00 Opning med politiorkester og politimeister
kl.11.00 Trekning av quiz for born (båttur)
kl.11.15 Politiorkesteret
kl.12.00 Trekning av quiz for born (båttur)
kl.12.15 Sykkelauksjon

Heile dagen mellom kl.10 og 13:

- Krimteknikarane demonstrerar korleis dei sikrar spor på ein åstad, syner fram utstyr og svarar på spørsmål.
- Gamle og nye politibilar blir synt fram.
- Born kan teste utstyr og får prøvesitte ein ekte politimotorsykkel.
- Fleire stands med informasjon om mellom anna pass,førarkort og våpen. Lær korleis du kan førebygge innbrot eller lommetjuveri.
- Spørjekonkurranse for born- vinn ein tur med politibåten.
- Ta ein prat med politimeisteren.
- Lurer du på om du vil bli politi? Studentane våre fortel om Politihøgskulen og kva som må til for å komme inn.
- Politibåten ligg til kai ytst på Zachariasbryggen og det vil bli mogleg å komme om bord for å sjå og stille spørsmål. I tillegg vil dei ta med vinnarar av spørjekonkurransen på ein liten båttur.