Arrangement

Foto: Torgdagen:KutscheraTorgdagen i Bergen.jpg

Torgdagen i Bergen

Bli med på kystkulturens festdag.

Torgdagen er kystkulturens festdag. 

Gamle båtar, bymann og stril i gamle klede, bodar med sal av mat og varer, kåring av best restaurerte båt og antrekk. Torgdagen i Bergen ynskjer å fremje og feire kystkulturen i handelsbyen Bergen og Strilalandet omkring.
Frå Strilalandet kjem fjordabåtar, skøyter og robåtar til indre del av Vågen. Ein kan høyra song, musikk, stev, historier og kjenna lukt og smak av fisk, tradisjonsmat og oppleva tradisjonshandverk for både kvinner og menn. Langs alle kaikantar ligg små og store tradisjonsbåtar og på Torget er folk kledd i gamaldagse klede. På Torgdagen kan du også handle lokalmat og jordbruksvarer i samarbeid med Bondens Marknad.
Torgdagen i Bergen vert gjennomført i samarbeid med kystlag og andre organisasjonar, for å ta vare på gamle handelstradisjonar, å medverke til utvikling av kystkulturen i Bergen og omland. Torgdagen i Bergen er gratis og tilgjengeleg for alle.


De gamle fjordabåtene D/S Oster, M/S Granvin, M/S Atløy, M/S Midthordland og M/S Glesnes går i rutetrafikk denne dagen.