Arrangement

Krapyl Jostein Stalheimjpeg.jpeg

Krapyl: Jostein Stalheim

Konsert på Noterommet tilrettelagt for hele familien

KRAPYL er nyMusikk Bergens arrangementsserie rettet mot barn og unge. Konsertene på biblioteket er “vanlige” konserter tilrettelagt for hele familien.

Konsertene finner sted på Noterommet i 2.etasjen av Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis. Varighet er 30 minutter, og det er mulig å gå inn og ut etter behov.

Jostein Stalheim, født på Voss i 1960, starta tidleg å skriva musikk. Han fekk framført sine første komposisjonar i radio og fjensyn allerede som 17-åring. Han har studert komposisjon og akkordeon
ved Det kgl. danske Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole.
Under studietiden fekk Stalheim framført større verk som "Hydra" og "Det røde snøballtreet". "Gaps" for akkordeon og slagverk vart framført ved opninga av Norges Musikkhøgskoles nybygg i 1989.

Stalheim er blitt stadig mer opptatt av rørsle-elementet i musikk. Hans seinare verk er ofte skrevet med utgangspunkt i ei fysisk retning eller avstand. Strykekvartetten "To-tve-tvil" tek t.d. for seg ein
person som kjem i tvil. Tittelen viser til det norrøne ordet "tvisyn" som uttrykkjer ei evne til å sjå ei sak frå to sider; t.d. det tragiske og det komiske ved livet. Stalheim prøver i strykekvartetten å finne ei slik
retning ved at lyttaren står i skjæringspunktet mellom det uttalte og uuttalte.

"Inside" er eit anna døme på integrering av fysiske element i musikken. Her søkjer han å retta ljoset på friksjon og innsikt, avstand og tilnærming ved å leggje vekt på djupna av det dynamiske og
plassering av lyd i rommet. I "A-ab-abs" er også rørsle eit sentralt element, der han brukar instrumentas eigen idiomatikk som utgangspunkt.

Naturleg nok har han ein del ballettmusikk bak seg; m.a. "Sakk 4", "Alrekr" og "Kast". Likeeins er dei sceniske prosjekta viktig, som er gjort ved Det kgl. teater, København, Jytte Abildstrøms teater,
København, Teater tribonda, Cristal opera, Hordaland Teater, Bergen komediateater, Den Nationale Scene og Danseteatret.

Jostein Stalheim har motteke bestillingar frå ensembler i inn- og utland. Han har vore gjestekomponist ved fleire høve; Spania, Romania, Polen. Han har blitt tildelt fleire stipend, m.a. Statens etableringsstipend.

Stalheim er også internasjonalt anerkjent solist på akkordeon, med opptredener i BBC-TV, NRK-TV, videofestivalen i Cannes-85, ei rekkje orkestre i og utanfor Norden. Stalheim har vore styreformann i
Ny Musikks Komponistgruppe og har vore engasjert i Ny Musikk i fleire år. Han er no også ansatt som produsent i Rikskonsertene, og har produsert fleire CD'ar.