Arrangement

Krapyl Vi bygger om.jpeg

Krapyl: Vi bygger om

Audiovisuell forestilling med broderte bilde, poetiske tekstar og musikk med Helga Gunerius Eriksen og Anette Thorsheim.

KRAPYL er nyMusikk Bergens arrangementsserie rettet mot barn og unge. Konsertene på biblioteket er “vanlige” konserter tilrettelagt for hele familien.

Konsertene finner sted på Noterommet i 2.etasjen av Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis. Varighet er 30 minutter, og det er mulig å gå inn og ut etter behov.

Helga Gunerius Eriksen har samla skattar frå skuffer, skrap frå grøfter, stoffbitar og fjør og lagar broderte materialbilde til ein serie ho også skriv poetiske tekstar til.
Bildeserien er ei forteljing om katastofe og gjenoppbygging – frå krise til nytt håp. Ho tek utgangspunkt i verdssituasjonen i dag, med krig og menneske på flukt, men dette
er ei forteljing om korleis det øydelagde kan reparerast og brukast om att til noko nytt og lovande: ”No må vi gjere så godt vi kan.”

Materialbilde av tekstil, broderigarn, pynteband, knappar, skruar, spiker, gaupepels, fjør, ormeskinn, paljettar, skjel, plastleiker, ymse skrot. Bilda har figurar som er sydde
slik hosjølv teikna menneske som 3-åring, og det uhøgtidelege og enkle uttrykket er meint som inspirasjon for alle som tenkjer at ”eit slikt bilde kan eg også lage”.
Tekstane er små dikt som hjelper publikum å følgje forteljinga frå ruin til reparasjon.

Helga Gunerius Eriksen les medan Anette Thorsheim spelar musikken ho har laga inspirert av bileta og forteljinga. Tre låtar av ulik karakter dannar den musikalske
ramma, og gjev rom for improvisasjon undervegs i kommunikasjon med forteljaren og barna.

Dette er ei vandreutstilling montert på 15 plater, enkel å sette opp i alle slags rom, som klasserom, korridorar eller bibliotek.

Helga Gunerius Eriksen er cand. mag. med faga keramikk og filosofi, og forfattar av eit tjuetals bøker for barn, unge og vaksne. Ho har skrive dramatikk, poesi,
tekstar for tidsskrift og terreng, til musikk og dans, utstillingskatalogar og antologiar. Ho har også illustrert eigne bøker på poselen og tekstil, laga landskapskunst og hatt
tverrkunstnarlege samarbeidsprosjekt. I tillegg har ho forfattarturnear og hundrevis av klassebesøk og besøk i barnehagar bak seg. Ho har motteke Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen.

Anette Thorsheim er folkemusikar med toradar som hovudinstrument, og har utdanning frå Musikkhøgskulen i Stockholm og Høgskulen i Telemark. Ho er verksam solo og
i ulike ensemble. Ho likar særleg godt å spele til dans, og inspirert av den tradisjonelle musikken i Noreg og Sverige, lagar ho ny musikk. Ho har undervist på alle nivå og
har erfaring med bruk av musikk i møte med barn med spesielle behov.