Arrangement

20190119-lillelordag-lillegraven.jpg

Forfattertreff med Ruth Lillegraven: «Mari og Magnus»

Ruth Lillegraven har skrive fleire bøker om søskena Mari og Magnus.

Lørdag 19.jan
12:00 - 13:00

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Forfattartreff med Ruth Lillegraven.

Ruth Lillegraven har skrive fleire bøker om søskena Mari og Magnus. Mari er fem år, og Magnus er nesten fire. Gjennom bøkene følger vi søskena på ganske små, men dramatiske eventyr; ein kosebamse som blir borte i flyttelasset, mysterium i barnehagen, ein heilt ny kattunge som er vanskeleg å passe på, og det første spennande overnattingsbesøket hos bestemor med litt heimlengt og masse kos og bollebaking. Dei enkle historiene om søskena er lette å kjenne seg att i, engasjerande for barn, rommar store kjensler, og endar alltid godt.