
Forfattertreff med Ruth Lillegraven: «Skogen den grønne»
Lørdag 19.jan
13:00 - 14:00
Rom: Olav H. Hauge
Arrangør: Litteraturhuset
Forfattartreff med Ruth Lillegraven.
Følg ein kviskrande sti inn i skogen den grøne, sjå skogen gjennom eit barns undrande blikk på alt som lever og hender. Ser du bjørka som liknar ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Skodda som kjem som huldrepust? Ruth Lillegraven skriv med finkjensle for dei små detaljane, for lydane og stemningane. Slik tek ho den unge lyttaren med inn i skogen og poesien. Boka er vakkert illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
Ruth kjem for å lese og snakke med barna om dikta. Det blir også vernissage for plakatar med illustrasjonar og dikt fra boka.