Arrangement

5f4cef1d2f4ebf054b923d59_2020_10_10-LillelordagAnne-Cath-ncopy_c4da685db98cbbca0d4959de73efd9b7-p-1080.jpeg

LilleLørdag: Anne–Cath Vestly spesial

Med Agnes-Margrethe Bjorvand.
Anne-Cath. Vestly har funne på Ole Aleksander Filibom-bom-bom, Knerten og Lillebror, Mormor og dei åtte ungane, Guro og Aurora. Men veit du kven ho var? Visste du for eksempel at ho var kjempesjenert, men at ho blei trygg og modig når ho kledde seg ut og spelte teater? Eller at ho elska alle typar musikk og var skikkeleg flink til å spele piano? Visste du at ho var veldig glad i hundar og drøymde om å få ein kvit hest som berre var hennar? Eller at ho var landets største kjendis og alltid måtte ha med seg ei lita blokk med autografar når ho var ute og gjekk? Jo, no skal du få høyre…

Anne-Cath. Vestly ville ha fylt 100 år i år. Vi ropar hurra for henne ved å invitere Agnes-Margrethe Bjorvand som har skrive biografi om forfattaren. I tillegg til å fortelje om Anne-Cath. Vestlys liv, vil Bjorvand lese litt frå bøkene til Vestly.
Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).
Gratis