Arrangement

2019.10.05-Forfattartreff Sivert Nesbo-kopi.jpg

Lillelørdag: Hauk

Forfattartreff med Sivert Nesbø.

Ein morgon vaknar Hauk aleine i senga si. Han finn ikkje pappa, og ikkje storesøster Inga heller. Kva har skjedd med pappa? Kvar er han? Og skal han ikkje kome attende?

Hauk er ei bok om sakn og lengsel, om å vere fire år og ikkje skjøne kvifor ting er som dei er. Kvifor er det så vondt å sakne nokon? Kvifor kan ikkje vaksne alltid vere der? Og korleis kan ein hjelpe barn til å forstå det som er vanskeleg?

Sivert N. Nesbø har skrive fleire kritikarroste romanar. Hauk (2019) er den første boka hans for barn. Boka er illustrert av Susanna Kajermo.

Laurdag
5. oktober
12.00–13.00
Olav H. Hauge
Alder: frå 4 år

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,- pr. person. Du betaler i døra).

Arrangør: Litteraturhuset