Arrangement

119961974_3400692053353400_3705905470978446342_o.jpg

Bli med på kornmaling på gamlemåten!

Søndag 25.10.2020 kl. 12.30 kan du bli med på tur med guide til eit kvernhus som kan daterast attende til 1700-talet. Her får du sjansen til å sjå korleis korn blir malt på kvern driven av vasskraft. Møt opp på Nordsjøfartmuseet i Telavåg.

Det er ein fascinerande prosess, som viser korleis vantet som fossa frå vassrenna får kvernkallen til å snurre i høg hastigheit. Inne i kverna vil kornaksa presisjonsmessig falle ned på kvernsteinana for å bli malt til mjøl. Turen til Selstøkverna er ca. to km. ein veg  og heile turen vil vil vara i ca. to og ein halv time. Turløypa strekkjer seg over asfalt, grusveg og  terreng. Du treng godt fottøy og klede etter været.

Turavgift er kr 80,- og inkluderer museumsbillett på Nordsjøfartmuseet. Billetten kjøper ein på museet før start.
Vel tilbake frå turen kan du nyte varme lappar frå museumskafeen.
Kl.15.00 vil det bli ein minikonsert med Sund Blandakor på museet.