Fyrferie_30x40.jpg
28. august 2017 Publisert første gang i Barn i Byen – Bergen nr. 73/2017

Fyrferie

Langs heile kysten står stolte fyrtårn og blunkar trufast ut mot havet. Fleire av dei kan du vitje, og i sommar kan du også overnatte.

Tekst: Hege Rognøy Fossåskaret Foto: Hellisøy fyr og Marie Ch. Th. Lund

Ein sommar budde eg i eit fyr. Om morgonen rodde me ut og fiska middag. Om kvelden sat me i opne vindauge og talde båtar. Me talde raude og gule fraktebåtar i teneste til og frå Bergen, stillferdige seglbåtar og strålande cruiseskip. Eg trur det var fullmåne kvar natt. Av og til rodde me inn til fastlandet for å kjøpe oss is og aviser. Då hadde tanta mi tidevassstabellen med seg i veska, slik at me skulle komme oss heim før det vart uråd å leggje til kai.

Det var eit eventyr å utforske fyrøya. Knappe to tiår tidlegare hadde den siste fyrvaktaren flytta derifrå. Men framleis kunne me sjå restar etter ei tid då det var levande fyrsamfunn langs heile kysten. Ofte budde både fyrmeister og fyrbetjent med familiar på fyrstasjonane. I 2001 var det 31 bemanna fyr i Norge. Men etter desember 2006 er det ingen som har fast heim og arbeidsplass på eit fyr. Likevel er fyra korkje slokna eller stille. I mange fyrtårn er lyden av vekkeklokker og tåkelur erstatta av feriestemning og barneleik. I Hordaland kan du leige rom for overnatting på fleire fyr.

Hellisøy Fyr:
Tek du ferja frå Sævrøy på Austrheim ein halvtimes tur ut i havet, kjem du til flate og frodige Fedje. Heilt sør på øya bryt Hellisøy Fyr mot horisonten. Heile 95 mann var i arbeid då bygget vart reist rundt 1850. Fram til 1992 budde fyrvaktarar på den vesle fyrholmen som ligg eit steinkast frå hovudøya. No er fyret ope for gjester som vil oppleve noko storslått og uvanleg. Nærare havet og freden kjem du ikkje. Det er som å bu på ein bølgjetopp. Leige: 1650,- per døgn for to personer (barn under 6 år gratis) og 165 kr. per person utover dette. Frakt 275,- tur/retur. Omvisning 500,- Leige av båt 550,- Ein vaskar ut etter seg og har med eigne sengeklede (utvask kostar 1250,- ekstra). Sengeplassar: 10. Info og booking: www.hellisoyfyr.no, eller Hellisøy fyr på Facebook, Tlf. 90 94 18 26 (Silje) / 92 01 81 31 (Monica).

Av og til roddde me inn til fastlandet for å kjøpe oss is oag aviser. Då hadde tanta mi tidevasstabellen med seg i veska, slik at meg skulle komme oss heim før det vart uråd å leggje til kai. 

Slåtterøy Fyr:
Litt sør for Bergen, i Bømlo kommune, finn du Slåtterøy Fyrstasjon. Dette var heim for tre familiar fram til 1958. Då vart familiane sette i land, mens vaktarane fekk hyblar på fyret. I 2003 vart stasjonen avfolka, og i dag er han verna av riksantikvaren. Leige: 250,- per person, 100,- for barn mellom 6 og 15 år. Vask sjølv eller bestill utvask for 1 000,- Maks leigeperiode: Sju dagar. Fyrhuset kan også leigast berre som varmestove for 200,- Sengeplassar: 14 (golvplass til maks 16). Info og booking: Knut Th. Melling tlf. 95 93 32 74.

Ryvarden Fyr:
På eit nes som stikk langt ut i fjorden i Sveio kommune ligg Ryvarden Fyr med utsikt mot Bømlafjorden i nord og Sletta i sør. Ryvarden fungerer i dag som eit kulturfyr med utstillingar og konsertar. Her er også kafé med venleg vaffellukt som blandar seg med eimen frå den salte sjøsprøyten. Sengeplassar: 10. Info, pris og booking: www.ryvarden.no eller kulturfyrvoktar Gunn Bente Håvardsholm, tlf. 53 74 80 00 / 95 19 58 00.

Lengre tur:
Dersom du har tid til å reise på ein litt lengre tur, kan du reise på fyrferie både sørover til Rogaland og nordover til Sogn og Fjordane. Nettsida: www.aktivcamping.no har ei god oversikt over fyr som tilbyr overnatting. Du finn også mykje fin informasjon om fyr i Norge på nettsida til Norsk Fyrhistorisk Foreining: www.fyr.no. Sitat: Av og til rodde me inn til fastlandet for å kjøpe oss is og aviser. Då hadde tanta mi tidevassstabellen med seg i veska, slik at me skulle komme oss heim før det vart uråd å leggje til kai

Andre Artikler