Musikaljentene_16 - skaperne.jpg
27. mai 2019 Publisert første gang i Barn i Byen - Bergen nr. 82/2019

Fargerike barndomsminne vert musikal

Tre systrer og venninna deira utgjer Musikaljentene. No er dei straks klare med den rykande ferske musikalen «Gaten vår», som handlar om ein mystisk gut, ei fargelaus gate og eit bodskap om verdien av tid.

Tekst: Renate Rivedal Foto: Tove K. Breistein

Barn i Byen møter systrene Cecilia (19), Mathilde (18) og Selma Indine Strønen Damm (16) og venninna Lovise Moland Espeland (16) på Steinerskolen der dei er i gong med song og danseøving. Dei fortel om tanken bak musikalen «Gaten vår», som tek utgangspunkt i gata dei vaks opp i her i Bergen.

Pannekakebjella
Systrene malar eit bilete av ein barndom som kunne ha vore tatt rett ut frå ei Astrid Lindgren-fortelling.

– Vi har sånne fabelaktige fargerike minne frå barndomen og den idylliske gata vår. Det var som om vi levde i ei magisk boble. Vi var fem barn, i tillegg til alle vennar og naboar, som fekk lov til alt mogleg. Døra vår sto bokstavleg talt alltid open og syklane låg strødd rundt omkring i hagen. Vi var frie til å bruke kreativiteten, noko som resulterte i mellom anna sirkus, paradar, songar, danseshow, teaterstykke og musikalar. Alle aldrar var saman og vi hadde eit leikerom fylt med kostyme. Det er mogleg at vi hadde fleire utkledningsklede enn vanlege klede, ler Selma.

Saken fortsetter under bildet. 

Foto: Gode barndomsminne har skapt grunnlaget for den nye musikalen.

Matilde fortel om ei «pannekakebjelle». Når den ringte var det pannekake til alle i gata. På eit stort kinolerret var det framsyningar av Astrid Lindgren og ei mengde med Disney-filmar, der alle naboane var invitert.


– No er den gata vi ein gong budde i, meir grå, enn vi hugsar den. Dei som vi kjende har blitt vaksne, flytta ut, og det er mindre leik. Den er ikkje så fargerik som vi opplevde den. Men kanskje vi får oppleve den på ny gjennom musikalen som vert satt opp på Cornerteateret i april, smilar Cecilia.


Den fargelause gata
I «Gaten vår» vert vi introdusert for ei trist og fargelaus gate. Det er ei gata der det er ingen som leikar, foreldra som bur der har aldri tid til kvarandre eller borna sine, og er berre opptatt av pliktane sine.

Så ein dag flyttar det ein mystisk gut inn i gata, ein gut som fyrst vert møtt med forakt. Og denne guten viser seg å bære på noko hemmeleg. Han klarar å spreie fargar og glede til den fargelause gata, og snur opp ned på tilvære til alle dei som bur der. Og han klare å samle alle naboane i eit stort fellesskap.

Undertittelen til stykket er «En familiemusikal om leken, kjærligheten og tiden».

«Det å ta vare på tida er eit viktig bodskap for oss»

Musikaljentene
Dei fire jentene held styr på både manus, dans, song og regi, med god hjelp av Jan Holden, som dei kallar for «Den femte musikaljenten», og Julian Berntzen som er veileiar for musikk og dramaturgi.

– Julian har stilt dei irriterande store spørsmåla, seier jentene og ler.

– Vi har verkeleg fått vridd hovuda våre og tenkt nytt når det kjem til kva som er mogeleg. Julian har også hjelpt oss til å strukturera det meir og fått alt til å henge betre saman. Vi er jo blodfan av absolutt alt han gjer! Så det gjer det jo ekstra stas.


– I tillegg får vi god hjelp av Jørn Lavoll som arrangerar all musikken vår, og som vi brukar mange timar i studio saman med.


Saken fortsetter under bildet. 


Foto:Hovedrolleinnhaverane i «Gaten vår», Emmelin Marsteen og Inga Trætteberg.

Vanskelege val

Jentene fortel at det dei ivrar aller mest for i arbeidet med musikalane, er å ha eit godt miljø.

– Vi jobbar knallhardt, men så kosar vi oss også skikkeleg etterpå. Det er ikkje så lenge sidan vi var barn sjølve, så vi veit meir om kva barn likar enn dei som er «ordentleg» vaksne.


Til «Gaten vår» var det 90 barn som var med på audition, og dei måtte velje ut 20 av desse.


– Slike ting er kanskje noko av det vanskelegaste med det vi gjer, fortel dei.


– Vi skal ikkje nødvendigvis velje dei som er aller best, men ta nokon sjansar og bruke dei som har noko ekstra. Vi trur at i eit trygt og godt miljø, så vil talenta blomstre fram! Kvart barn skal få skinne, alle skal få vist seg fram og alle skal få ei stor utfordring.

«Vi jobbar knallhardt på øving, og så kosar vi oss skikkeleg etterpå»

Dugnadsånd
Alle prosjekta deira er baserte på dugnadsånd; med onklar som koke kaffi, fedre som bygge kulisse, og ikkje minst bestemora til den eine skodespelaren syr enorme mengde med scenekostyme. Jentene fortel om eit stort varmt fellesskap, som til forveksling høyrast ut som livet i gata dei kjem frå.

– Det er mange som spør om det er vanskeleg å samarbeide sidan vi er tre systrer, og Lovise er jo så nære at vi reknar ho som vår fjerde syster. Men vi ser berre positivt på det å jobbe så tett. Sidan vi er så nære, har vi same visjonar og ser saker og ting svært likt, fortel Cecilia.


Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Hos Musikaljentene får kvart barn skinne og alle skal få vist seg fram.

Kvardagen til jentene går til undervisning innafor song, dans, film og teater, og helgene går med til å øve på neste oppsetjing. Dei spelar både i egne og andre sine oppsetjingar.


– Draumen er å fortsette å skape. Lage eit eige teater og sette opp eigne førestillingar, lage teaterskule, det er våre langsiktige planar og draumar, fortel dei.


Kvart år reiser det på inspirasjonstur til London for å sjå ei mengde av musikalar. Så spring dei tilbake på hotellet og skriv ned det dei likte aller best.


– Favoritten er jo «Phantom of the Opera», men vi elskar også «Matilda» og så såg vi «Bat out of Hell», som var veldig stilig. Vi var på musikalskule i London i fjor, det var verkeleg inspirerande. Og elles vert vi inspirert av alt rundt oss: filmar, bøker, kostymer. Å vere musikaljente er ein eigen livsstil!




FAKTA:

Musikaljentene:
Alder: 16–19
Gruppen har eksistert i 6 ½ år og dei har vunnet: Rampeløkten 2016, Fana sparebanks «Vell fortjent stipend» 2016 og Cornerbolten 2018.

«Gaten vår» er familiemusikal fylt med spenning og magiske musikalnumre. Den fantasifulle gutten Sebastian flytter inn i en gate med en mørk forbannelse over seg. Ved bruk av kreativiteten og sine magiske fargesteiner snur han livet i gaten opp ned.

«Gaten vår» er Musikaljentenes tredje egenskrevne musikal. De har tidligere skapt suksess­forestillingene «Julens Magi» og «Marerittet».

Forestillingen spilles på Cornerteateret:
26. april kl. 19
27. april kl. 15
28. april kl. 15
3. mai kl. 18
4. mai kl. 15
5. mai kl 15
Regi: Cecilia, Mathilde, Selma Indine, Lovise.

Passer for barn fra 5 år.
Pris kr. 240,-

Andre Artikler