Hoppe etter Spiderman_8274.jpg
13. desember 2018 Publisert første gang i Barn i Byen–Bergen nr. 80/2018

Skrekk & fryd: Å hoppe etter Spiderman

En Spiderman, back flip, sveitte, endorfiner og sommarfuglar i magen. Klarer vi å gjøre det umulige og ta en baklengs saltomortale for aller første gang?

Tekst: Renate Rivedal Foto: Reidar Staalesen

«Utan mat og drikke duge helten ikkje», tenkte vi og starta dagen med ein solid frukost. Vi skulle nemleg på «Superhelthaustferieveke» på FlipZone i Åsane. «Vi» var; tante Renate (ein ganske pysete og lite erfaren trampolinehoppar på 33 år), og dei trampolineerfarne tanteborna Jakob (15 år), Inga (12 år) og Alma (9 år). Lite visste eg kva eg hadde i vente.

Møte med spretten Spiderman

Vi vart møtt i resepsjonen av ein smilande gjeng, som forklarte litt om reglane og delte ut fargesterke sokkar. Ut av høgtalarane kom det poppete songar, i taket var det til og med ei diskokule. Her kunne eg føle meg heime. I tillegg vart vi møtt av ingen ringare enn «Spiderman», skikkeleg hyggeleg og ikkje minst utruleg spretten type. Han visar oss rundt i dei ulike delane i Trampolineland.

Vi kjem inn i eit gedigent rom som rommar endelause rekker med trampoline, det her er det som vert kalla «Main Court» på fagspråket, meir enn 50 samanhengande trampolinar på golv og veggar. Her finnes det trampolinar i alle størrelsar og den lengste er på over 20 meter.


I tillegg har dei «Ninja Warrior Course» kor ein må kjempe seg gjennom hinderløypa på raskast mogeleg tid for å bli den ultimate Ninja Warrior. Kanonball, som var min favoritt-friminuttsaktivitet på Sunde barneskule i Førde, får ein litt ny vri på Trampolineland. Her har dei valt å kalle det for den engelske versjonen «Dodgeball». Vidare viser Spiderman fram skumhavet, kalla «Foam Pit» – eit enormt skumbasseng, fylt med hundrevis av mjuke firkanta skumdingsar.

Saken fortsetter under bildet


Billedtekst: Oppvarmingsstund. Hyggeleg passar med Rebekka og Venom.

Oppvarming
Vi får beskjed av Spiderman om å varme opp på Main Court. Det går i det store og det heile ut på og hoppe rundt omkring på alle trampolinane. Eg kjenner latteren boble opp i meg, og kjennes litt som om det her er noko eg kunne gjort dagleg. Ein føler seg lett og glad, og når eg ser rundt meg, smiler absolutt alle! Eg begynner å fabulere om ei framtid som profesjonell trampolinehoppar, finnes det sånne? Kunne eg blitt den fyrste eventuelt?

Dødeleg hopp
Men så kjem alvorets time. Spiderman meina at eg kan lærast opp til å ta ein «Back flip». Spiderman forsikra om at han er ein erfaren sikrar og vil passa på meg heile vegen rundt til eg landar trygt i skumhavet. Igjen turnar Spiderman rundt og det ser så leikande lett ut når han gjer det. Draumen om å bli profesjonell trampolinehoppar forsvinn raskt, eg ser at det er andre her som er hakke nærare den draumen.

Og for dei som er like uerfaren som meg står det her på Wikipedia:

«En saltomortale (salto) – av ital. salto, «hopp», og mortale, «dødelig» – er et hopp med minst 270 graders rotasjon enten framover, bakover eller sidelengs. I løpet av utførelsen vil alltid føttene peke oppover.»
Det Spiderman meina er altså at eg skal ta ein baklengs saltomortale, mens Spiderman tar ein dobbel frontflip med skru for å deretter ta seg tida til å helse på små og store fans rundt om i rommet. High five, klemmar og selfies blir delt ut. Spiderman har ein enorm fanskare, og det er ikkje rart. Ein hyggeligare Spiderman har eg aldri møtt.

Saken fortsetter under bildet. 


Billedtekst: 1-2-3 hopp! 

Hopp først, tenk etterpå!

Snart er Spiderman nok ein gong tilbake. Han er den same på innsida av drakta, men har forandra seg til Venom, den onde versjonen av Spiderman! Og gir beskjeden: «Ikkje tenk, berre hopp!» etterfølgt av: «Hopp først og tenk etterpå!».

Eg prøver å lausrive meg frå tankane om ein litt for stiv kropp som skal klare mesterstykket og hoppe baklengs salto. Vi blir einige om å telle til 3. Der eg på talet 3 skal ta sats og som ein romrakett (det er vertfall min ide) skytast ut og bakover i rommet og ned i skumhavet. Og vi tel, mens eg hoppar 1-2-3!


Og så er det som om hovudet mitt gaular NEEEEI! Vi prøvar igjen og igjen og igjen. Eg kjenner eg begynner å bli veldig varm og raudrosa i ansiktet.

Eg prøver å lausrive meg frå tankane om ein litt for stiv kropp som skal klare mesterstykket og hoppe baklengs salto.

God underhaldning
Ein anna grunn til mitt raudrosa ansikt er at det er begynt å samle seg ein del nysgjerrige. Barna er mest opptatt av Venom som triksar og sjarmera, mens dei vaksne derimot ser ut som dei synest det er god underhaldning å sjå om eg klarar mesterstykke.

Ungane heiar: «Vi trur på deg, tante Renate», «Det går så fint», «Det gjer ikkje vondt altsååå». Og eg hoppar 1-2-3, og neeeei! Det går ikkje. Venom er tolmodigheten sjølv og er framleis sikker på at det her, det skal vi få til saman.


Mine tre musketerar tar sats, ­
kan­skje dei kan vise tanta at det ikkje er skummelt? Alle tre er erfarne trampolinehopparar, med trampoline heime og mange år på turn. Men ikkje alle har prøvd «back flip» før. Jakob, eldstemann er først ute. 1-2-3 og hopp! Og der landa han mjukt i skumhavet. Og vips! der har både Inga og Alma tatt sin fyrste back flip.

Mulig det står i arbeidsbeskriving for ein superhelt: Må vere blid i alle situasjonar, sjølv når tolmodet ditt vert sett på prøve.

Eg er så imponert! Og eg kjenner at eg får ny giv! No skjer det tenker eg, no berre gjer eg det. 1-2-3 og neeeei! Det går ikkje. Venom er like blid. Er det ein del av det å vere superhelt kanskje? Mulig det står i arbeidsbeskriving for ein superhelt: Må vere blid i alle situasjonar, sjølv når tolmodet ditt vert sett på prøve.

Ein delfin?

No er det siste runde for meg.

– Berre lat som du er ein delfin, Renate, og strekk deg bakover, ropar resepsjonisten, Rebecca, oppmuntrande!


Saken fortsetter under bildet. 


Billedtekst: Ikkje akkurat back flip, men eg landa mjukt. 

Delfin tenker eg, er det nokon i dyrerike eg kjenne eg ikkje kan identifisere meg med må jo det vere delfinen.

1-2-3. Oohhhvvvæææ! Eit slags merkeleg rart hopp, ikkje ein back flip, men eg har hoppa med ryggen først og med beinet i ein slags merkverdig stilling. Ikkje heilt back flip, vertfall ikkje særskilt delfinaktig, men kanskje noko som kan likne på eit omvendt svalestup om ein har god fantasi.

3,5 time med hopping er unnagjort. Eg er gjennomsveitt, raud i ansiktet og gåen i kroppen. Sorry Spiderman/Venom, eg må kapitulere, seier eg. Men eg lovar at eg skal komme tilbake og prøve å «hoppe først og tenke etterpå».


Når vi køyrar ifrå FlipZone seier eg med mi mørkaste superheltstemme: «With great power comes great responsibility», ta på dokke sikkerhetsbelta, folkens, no skal vi heim og ete middag!





Billedtekster:
1: Første møte med Spiderman. 2: Hyggeleg passiar med Rebekka og Venom. 3: 1-2-3-Hopp!
4: Ikkje akkurat Backflip, men landa vertfall på mjukt.



Kort oppsummert:

• Born er som regel ALLTID tøffare enn dei vaksne

• Superheltar er VELDIG snille og EKSTREMT tolmodige

• Eg har LOVA tanteborn, Spiderman/Venom og Rebecca i resepsjonen at eg skal komme igjen
og prøve og ta ein ordentleg back flip, og det gler eg meg til allereie!

• Skumhav er supermjukt

• Trampolinehopping er supergøy, litt skummelt – og skikkelig hard trening

• Men huks alle vaksne! Bli med og hopp dokke også, ikkje berre sjå på,
det er då det blir moro!

Notis! Ingen menneske, verken små eller store, fekk varige men av hoppinga under denne reportasjen. Det kan berre rapporterast om store smil. Men kvinne 33 år hadde litt problem med å stå, gå og sitte dagen etterpå på Barn i Byen sitt kontor grunna SVÆRT stiv muskulatur.


Fakta:
FLIPZONE TRAMPOLINEPARK
Hver dag: 10–22. Miniflipp: 0–6 år.
Trampolinekurs: fra 5 år og oppover.
Eget bursdagsflip-opplegg.
Halloween-uke 26. oktober til 4. november.
Halloween-party 3. november kl. 18 og 20.
Hele desember: Møt FlipZone-nissen hver lørdag og søndag kl. 11 og 17.
15. og 22. desember: Julefest med disco­stemning kl. 20–22 (egne billetter).

www.flipzone.no


RUSH TRAMPOLINEPARK
Mandag–torsdag: 14–21. Fredag: 12–21.
Lørdag: 10-21. Søndag:10–21.
Minisprett (0–6 år), 11–12 på alle tirsdager (utenom skoleferier og planleggingsdager) og søndager 9–10.
Rush After Dark, 20–22: 2. november, 16. november, 30. november og 14. desember.
Planleggingsdag 9. november: Åpent 10–21.

www.rushtrampolinepark.no

Andre Artikler