Kardemommeby_2434_WEB.jpg
15. oktober 2018

– Ei vedunderleg historie

Ein snakkande kamel, ei streng tante, ein konfliktsky politimester, eit tårn og ein fargerik by. Det blir musikk, dans og song når DNS inviterar til Kardemomme-fest!

Barn i Byen fekk i dag vere med på pressevisning når DNS viste fram delar av sitt nye stykke «Folk og røvere i Kardemomme by».  Bergenserane har allereie vore tidleg ute med å skaffe seg billettar til Kardemomme-festen. Ei veke før premiera har over 16800 billettar blitt seld., og 20. Oktober er det premiere på Store Scene.

Folk og røvere i Kardemomme by er basert på ei barnebok av Torbjørn Egner som kom ut i 1955, og allereie året etter kom det fyrste teaterstykke. Regissør Linn Olsen har også tidligare satt opp stykket, og har sjølv hatt rolla som tante Sofie.

 – «Når tilbodet kom frå teatersjefen om å regissere det folkekjære stykket, kjente eg at det både var utfordrande og spanande på same tid. Eg ville at stykket både skal vere gjenkjenneleg, men samstundes tilføre noko nytt. Eg har arbeida tett saman med Silje Sandodden på scenografi og Nell Knudsen på kostyme, for å skape ein fargerik atmosfære..»

Regissøren fortel lattermildt at Egner eigentleg var ein nyskapar for si tid, det er nok fyrste gong at «open soning» vert skreve om i norsk litteratur. Røverane får nemleg lov til å mate løva si og deretter vert dei låst inn att i fengselet.

 Og det første som møter oss er ein stor fargerik folkefest i byen som ”ligger så langt borte at det nesten ikke er noen som vet om den”. Her er fargerike lykte, Tobias sitt tårn, skiltet til bakaren og grøne palmetre. Alle dei sentrale karakterane er samla til fest, song og dans. Her er den strenge tante Sofie, røverane Kasper, Jesper og Jonathan, gamle Tobias i tårnet og ikkje minst ein snakkande og syngande kamel! Musikken og dansen har fått ein heilt sentral plass i stykket, og sjølv om musikken er tru mot Egners univers, er det også nokon meir groovy parti.

Fyrste møte med røverane vise tydeleg korleis dei er plassert i forhold til dei andre innbyggarane i Kardemomme by, dei heng over bymuren og kikkar inn på dei andre. Her drøymer dei om alt det spanande dei kan stele. Dei er utanfor og ynskjer kanskje eigentleg berre å vere ein del av fellesskapet?

 Marianne Nielsen som saman med Irene Waage delar på rolla som tante Sofie seier at ho har stor kjærleik for tante Sofie og kan kjenne seg igjen i rolla.

 – «Sofie har attitude, og fortel gjennom song og dans akkurat kva ho meina om alle i Kardemomme by. Noko som også viser seg å vere nyttig når ho seinare vert fanga av røverane. Sofie likar nemleg å ha noko å arbeide med, som ho sjølv seier. »

Og det morosame er jo også at det faktisk er den oppfarande og strenge tante Sofie, som er den som er den aller fyrste til å inkludere dei som står utanfor. Ho ynskje å gje røvarane ein sjanse, men ho seier også at ho har eit behov for at nokon treng ho.    

– «Og det gjer jo det til ei vedunderleg historie» seier regissør Linn Olsen. Gleda ligg både hos tante Sofie, hos røverane og resten av innbyggarane i Kardemomme by.

 Regissøren avsluttar med å oppfordre alle foreldre og besteforeldre til å ta med seg barn og barnebarn inn i teatersalen for å oppleve Egners univers. For å få nye tankar, nye spørsmål og også for å få eit pusterom i kvardagen.

 – «Målet er at publikum, store som små, skal snakke i munnen på kvarandre når dei saman går ut av teateret!» avsluttar regissør Linn Olsen.

 

 

Andre Artikler