BiB64_Gjenbruk_illu_3.jpg
09. mars 2016 Publisert første gang i Barn i Byen – Bergen nr. 64/2015

Ta eit skjørt og la det vandre …

Kanskje den brukte raude Italia-kjolen frå mormor havnar i feriekofferten din neste sommar.

Tekst: Hege Rognøy Fossåskaret Illustrasjon: Annlaug Auestad

Ein raud liten kjole fyk forbi kjøkken-vindauga mitt i ei sky av blondt hår. Det er den fine italienske sommarkjolen som dottera mi fekk av mormora si då ho var fire år. Men nå er jenta  14 år og står her på kjøkkenet i dongerishorts. Me ser på kvarandre og ler litt forundra begge to; var det gamledagar som for forbi?

Dei siste ti åra har me arrangert garasjesal i gata her eg bur. Første året var det berre eit par familiar som opna garasje, loft og kjellar og lot leiker, klede, møbler og nips velte ut på fortauet til glede for alle som kom forbi, og det var for det meste dei næraste naboane. Klede som hadde lege i klesskapet og krympa i årevis, satt som støypt på studentane i kollektivet nedi gata. Det heimesnekra stellebordet som naboen ikkje hadde hatt hjarta til å kaste, vart ein perfekt stereobenk i stova mi. Og IKEA-sofaen min som var heilt fin, berre ikkje for meg, fekk ny heim i ein kjellarhybel like ved. 

Den boka Knut sel for fem kroner i år, kjøper han gjerne 
tilbake for 15 neste år og er strålande fornøgd.

Etterkvart som årene har gått, har fleire seljarar kome til med loppene sine. Prisane er låge, men gleda over at andre kan ha nytte av det som er til sals, er stor. For meg har garasjesalet utvikla seg til å bli ein årleg reinsingsprosess. Prosessen tek til allereie midtvinters. Når restane av jula er kosta ut av stova og det nye året ligg der tomt og reint, går eg gjennom huset med kritisk blikk. Til spredte protestar frå ungane fyller eg pose etter pose med ting som ikkje får vere med oss vidare. Den ulande Batman-bilen og koselabradoren i natur-tru storleik har ingen brydd seg om på lenge, så nå ryk dei til. Godt å bli kvitt dei.

Eit halvt år seinare hentar eg fram posane frå garasjen. Og dette er eit kritisk punkt i reinsingsprosessen. For når dei bortgøymde leikene kjem fram i lyset, er det stor fare for at dei hamner attende på leikerommet; «Å, der er jo Batman-bilen! Eg ELSKER den Batman-bilen, eg har ikkje sett han på SÅ lenge!». Likevel er garasjesalet ein høgt skatta fest for ungane. Dei leikar og kjøpslår om einannan. Den boka Knut sel for fem kroner i år, kjøper han gjerne tilbake for 15 neste år og er strålande fornøgd. Og me vaksne? Ikkje før har me tømt huset for rare pynteting, odde koppar og kar og klede me aldri kjem til å gå med, før me står der i gata med famnen full av nettopp slikt og synest me har gjort eit kjempekupp!

Hausten er ei god tid for bruktsal og loppemarknader. I gater, garasjar og gymsalar over heile byen skiftar gjenstandar og plagg eigar, og gamle minner vert til nye. Det nydelege er at dette skjer igjen og igjen. Den raude Italia-kjolen frå mormor har på ti år vorte ein del av sommarminnene til tre jenter i tre ulike familiar i gata vår. Og kanskje ligg kjolen i feriekofferten din neste år. 

 

 

Andre Artikler