babysang Human Etisk.jpg
18. mars 2019

5 fine og fartsfulle høgdepunkt for helga!

Er du klar for fartsfull grøn moro? Eller fristar det meir med høgtlesing eller ein mjuk skulptur? Barn i Byen guidar deg til nokon av dei mange fine tilboda som skjer 16. og 17. mars.

1. Sangstund for dei minste

Velkommen til Babysang i Human-Etisk forbund på fredag 15. mars, 11.00-12.00. Du blir inviterer til ein uformell møteplass med song og leik i fokus. Her er det enkle songar du kan synge, mime eller klappe takten til. Arrangementet er gratis og opent for alle.
For meir informasjon, les her 
http://www.barnibyen.no/bergen/aktivitetstilbydere/human-etisk-forbund-hordaland/babysang/babysang-i-human-etisk-forbund/?date=15-03-2019

 

2. Actionfylt moro!

Bergen Gokartsenter lovar eit “actionfylt” tilbod for store og små! Det skal her vere eit tilbod for alle, uansett alder og kjønn. Samtidig ynskjer dei å køyre ein “grøn profil” som både er godt for helsa og miljøet. Alle gokartane er elektriske, men dei kan love at dei går minst like bra som bensinkarter.
Ta turen i helga for fartsfull moro! 
For meir informasjon, les her:
http://www.barnibyen.no/bergen/aktivitetstilbydere/bergen-gokartsenter/åpningstider-bergen-gokartsenter/åpningstider-bergen-gokartsenter/?date=15-03-2019


3. Tsjolahopp, tsjolahei, tsjolahoppsasei!

Fyllingsdalen Teater spelar Pippi Langstrømpe for fulle hus, og har fått strålande kritikk for stykket. I helga kan du oppleve Astrid Lindgrens elleville historie om den raudhåra jenta med det store hjertet. Pippi er sterk og modig som få, ho har ei kiste full av gullpengar, ein hest, ein ape og eit hus fullt av gøyale ting. Likevel er ho eit barn, ho er sårbar, nysgjerrig, av og til usikker, ja, ho kan til og med føle seg einsam. Ho har trekk vi alle kan kjenne oss igjen i. Les anmeldelsen av stykket her og les meir om forestillinga her: www.barnibyen.no/bergen/aktuelt/januar-mars-2019/fantastisk-girlpower
www.barnibyen.no/bergen/aktivitetstilbydere/fyllingsdalen-teater/forestillinger/pippi-langstroempe/?date=14-03-2019




4. Lag din eigne mjuke skulptur

På KODE sitt familieverksted kan du lage mjuke skulpturar. Kvar laurdag og søndag i mars mellom 11.00 og 16.30, kan du lage mjuke skulpturar som du kan kose og leike med. Passar for dei frå 4 år og opppover. 
For meir informasjon, les her: 
www.barnibyen.no/bergen/aktivitetstilbydere/kode/vintervaar/familieverksted-myke-skulpturer/?date=16-03-2019


5. Litterær drop-in!

Lillelørdag er eit drop-in tilbod for heile familien med høgtlesing frå eit stort utval med barnebøker. Ta turen til Litteraturhuset, og kos dokke med laurdagsgraut, teiknesaker og høgtlesing frå eit stort utval med barnebøker. Det vert morosame, triste og spanande forteljingar for dei minste og dei litt større.
For meir informasjon, les her:
www.barnibyen.no/bergen/aktivitetstilbydere/litteraturhuset-i-bergen/lilleloerdag/lilleloerdag-litteraturkafè/?date=16-03-2019



Andre Artikler