Eventyr i parken_6440.jpg
21. februar 2019 Publisert første gang i Barn i Byen - Bergen nr. 81/2019

Eventyr i parken

Vandreteater, PopLAB, botanisk podcast, trollvaflar og mat frå heile verda. Nygårdsparken byr på nye eventyr som er opent for alle.

Tekst: Renate Rivedal Foto: Milena Nowak

Mørke har allereie byrja å senke seg i Nygårdsparken når Barn i Byen troppar opp på Paviljongen. I dag er det arrangørgruppa «Eventyr i parken» som står bak disken på «Prinsessen og Askeladdens kafé». Trollvaflar, kongeleg kakao, stjernestøv-saft og te frå verdas ende, det er lett å bli freista. Men gjengen bak «Eventyr i parken» har endå meir på programmet enn ein spanande meny.

Starstruck av Askeladden

Thomas, Lina, Cosmina og Magdalena starta med vandreteater om folkeeventyret «Askeladden og prinsessen som ingen kunne målbinde» i desember. Men kva er eigentleg eit vandreteater?

– Vi ynskjer å introdusere parken på ein ny måte. Vi er ute saman, oppdagar stadig nye og ukjende vegar og løyser oppgåver undervegs. Både barn og vaksne er eventyrlystne, og det er kjekt å formidle gamle norske folkeeventyr på ein ny og meir moderne måte, seier Lina engasjert.


Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Interaktivt vandrande teater i Nygårdsparken.

Gruppa ynskjer å halde vandreteateret som eit lågterskel tilbod, der det enten er heilt gratis eller har ein låg pris, slik at tilbodet kan nå ut til flest mogeleg.

«Vi ynskjer rett og slett å fange parken på ein ny måte og løfte fram ulike sider av parken.»

– Fyrste runde i desember vart så populær at vi bestemte oss for å auke til tre førestellingar per dag. Vi er spente på korleis responsen vert i det nye året. Det vart ein travel desember, der prinsessa sto i kafeen og selde vaflar for så å plutseleg måtte springe ut av døra for å møte ein prins, fortel Magdalena lattermildt.

– Vi hadde også ganske mange morosame opplevingar, som då barna møtte Pål (i «Per, Pål og Espen Askeladd») i kafeen etter vandringa, og vart skikkeleg «starstruck». Det er viktig for oss at eventyrkafeen skal henge saman med sjølve eventyret, og vi fortset å vere «i rolla» uavhengig av kor barna møter oss. Det bevara mykje av magien, seier Cosmina.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Det var ein gong ...Bli med på eventyr med rebus og oppgåver i parken.

Podcast i Parken

– Noko anna spanande vi har på program­met er ParkPodden, ein podcast med ut­gangspunkt i Nygårdsparken, fortel Cosmina. – Vi ynskjer å formidle historia til parken, men og personlege historie frå livet i parken. Kanskje er det nokon som møttes i parken, mens dei lufta hundane sine? Kanskje er det nokon som ynskjer å dele ei særskil historie som oppsto i parken?
Gruppa er også i gong med å intervjue ein botanikar for å få vite meir om alt som gror og blømer i parken.

«Både barn og vaksne er eventyrlystne, og det er kjekt å formidle gamle norske folkeeventyr på ein ny og meir moderne måte.»

– Vi har høyrt at Nygårdsparken har eit eksempel på Hengehassel, som er ein svært sjeldan variant. Og parken har også Noregs høgaste eksemplar av Japanseder.

ParkPodden blir lansert allereie ­den 7. februar, og planen er at det vert ein ny podcast kvar månad framover.


– Etterkvart håpar vi å plassere ut rekvisittar og postar i parken, slik at ein kan bruke podcasten som ein historiefortellar, mens ein går gjennom parken. Det vert som ein ny og betre variant av audioguide vandring, seier Magdalena.


Gode kulturopplevingar
Kva er målet og ynskje dykkar for «Eventyr i parken»?
– Utgangspunktet vårt var å skape gode kulturopplevingar for store og små, seier Lina. Men etter kvart har prosjektet blitt til noko større. Vi ynskjer framleis å fokusere på dei gode kulturopplevingane, men vi ynskjer også at store og små skal få ein særskilt tilknyting til parken. Det er sikkert mange som aldri har høyrt om kva som skjedde i Nygårdsparken i 1898 då Verdsutstillinga, og bokstavlig tatt verda, kom til Bergen.

– Vi ynskjer rett og slett å løfte fram ulike sider av parken. Vi ynskjer å skape interaksjon og engasjement!


Nygårdsparken våren 2019

I desember og januar har det vore «Eventyrkafé» under vandreteateret, og kafé skal det framleis vere, men då er det Hallaisen, Verdenskaféen eller Bonanza Kafé Kollektiv som kjem til å drive kafédrifta. Dei delar på dagane i mellom seg, og lagar spanande, heimelaga og unik mat.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Kunstpilotene inviterar til PopLAB.

I tillegg kjem Kunstpilotene etter opp­drag frå Bergen Kommune til å sette sit preg på våren gjennom PopLAB i parken. Vårens tema er «deg – deg og oss, i parken». Under tittelen «Park Life» utforskar ein temaet gjennom åtte lørdagsverkstadar. Kunstpilotene vil rigge opp ein kunstcamp, skape saman og lage midlertidige installasjonar i parken. Laurdag 9. februar er til dømes temaet «KLODE». Då skal ein tenkje seg Nygårdsparken som ein planet i verdsrommet. Det vert satt opp band mellom trea og laga kloder og planetar som kan gå i bane i vårt eigne, grøne solsystem.


Nygårdsparken er staden det skjer våren 2019!



FAKTA:

Eventyr i Parken består av fire medlemmar som er utdanna innan teater, skodespel og film. Dei arbeidar til dagleg både skapande og utøvande innafor fleire ulike film- og teaterprosjekt i Bergen. Medlemmane er Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Cosmina Alexandra Giurgiucanu og Magdalena Kuna. Eventyrkafeen er i Paviljongen mandag, tirsdag og fredag fram til 5. februar. Målgruppe: 3–10 år, men også for dei vaksne.
Eventyr i parken våren 2019:
Søndag: 24. februar kl. 11.30 og 13 (evt. ekstraforestilling 14.15)
Søndag: 24. mars kl. 11.30 og 13. (evt. ekstraforestilling 14.15)
Søndag: 21. april kl. 11.30 og 13 (evt. ekstraforestilling 14.15)
Søndag: 26. mai kl. 11.30 og 13 (evt. ekstraforestilling 14.15)
Kaféen vil vere open 11–16.

PopLAB i Nygårdsparken
Kunstpilotene i samarbeid med Enhet for Kultur og deltakelse i Bergen kommune, invitere til PopLAB – opne gratis kunstverkstadar, tilrettelagt for mennesker med utviklingshemming og opent for alle mellom 0–100 år. Her kan du utforske din kreativitet med form og farge. Vårens tema er «deg – deg og oss, i parken». Fem laurdagar riggar dei opp ein kunstcamp, der ein kan skape saman og lage midlertidige installasjonar i parken. Aktivitetane vil bli både innan­dørs i paviljongen og ute i parken.
POPLAB våren 2019:
Laurdag 23. mars.
Laurdag 4. mai.
Laurdag 22. juni.
Alle dagar kl. 12.30–15.30.
Meir informasjon: www.facebook.com/poplabibergen/

Bonanza Kafé Kollektiv ynskjer å vere ein hyggeleg møteplass, der folk kan oppleve dei historiske endringane som skjer i Nygårdsparken. Nyt eit heimelaga måltid, og delta i underhaldande og oppbyggande aktivitetar. Bonanza Kafé Kollektiv har plass til alle og ynskjer å invitere lokalbefolkninga og naboar tilbake til parken. Kafeen opnar att 4. februar i Paviljongen.
Bonanza Kafé Kollektiv: mandag:10–20, tirsdag: 10–20 og fredag: 10–22. I tillegg vil det bli annonsert kulturelle innslag i løpet av våren: www.facebook.com/bonanzakafekollektiv

Verdenskaféen
Verdenskaféen er eit kommunalt prøveprosjekt som skal fremje arbeidstrening, integrering, gode kulturopplevingar og auka aktivitet i øvre del av Nygårdsparken. Deltakarane i prosjektet kjem frå «Ny Sjanse» sitt arbeidstreningstiltak. Drifta tar utgangspunkt i mattradisjonane frå heimlanda til deltakarane sjølve. I januar er det arabisk mat, i februar kurdisk og persisk, i mars er det latinamerikansk meny, i april er det mat frå Eritrea og i mai arabisk.
Verdenskafeen Paviljongen:
Onsdag:11–16 og torsdag: 11–18.
Meir om kulturelle arrangement:
www.facebook.com/verdenskafeenibergen

Mat i Parken
Mat i parken er ein grasrots organisasjon som ynskjer å fremje matglede og matkultur gjennom gatemat inspirerte pop ups og gratis verkstad for store og små. Dei serverar kaffi, vaflar, is og bakverk.
Mat i Parken i Paviljongen:
Laurdag og sundag kl. 11–16.
Meir om gjengen i Mat i Parken og kva dei finn på: www.facebook.com/matiparken

Andre Artikler