pippi7.jpg
26. februar 2019

Fantastisk girlpower!

Vi treng så inderleg ei Pippi i liva våre, og det er fantastisk at den rappkjefta frøkna frå 1945, framleis er like aktuell og underhaldande i dag!

Anmeldt av: Renate Rivedal Foto: Kata Pasztor-Kiss

Når sceneteppet går opp, avslørar det ei velkjent verd. Her har vi eit stort hus som er rosa, gult og grønt, med eit skilt på snei der det står Villa Villekulla, eit magisk brustre, det er eføy på verandaen og ein prikkete hest i stova. Hengande frå verandaen ser vi ein akrobatisk apekatt, og i sentrum av scena står midtpunktet Pippi Langstrømpe!

Saken fortsetter under bildet.  

Ho er full av sjølvtillit, pågangsmot og girl power! 

Pippi som plutseleg dukkar opp i ein søvnig svensk småby, ein liten by full av vanlege menneske, som alle vil Pippi vel, sjølv om ho ikkje nødvendigvis alltid er einig i det. Her bur også Annika og Tommy, dei pertentlege og ordentlege nabobarna, som vert hennar aller beste venar. Men det lure også ein del farar i skuggane, ein overhjelpsam barnevernsteneste, klumsete politimenn og endå meir klumsete tjuvar. 

Saken fortsetter under bildet. 



Og Pippi stråla i rolla! Ho er full av sjølvtillit, pågangsmot og girl power! Pippi som seier eg når dei andre «sier ja». Pippi som kan klatre på hustak, og gå på line, som hamlar opp med tjuvar og udugelege politimenn. Pippi som har segla på dei sju hav, som har ein mamma som er engel i himmelen og ein pappa som er sjørøvar.

Vi vert tatt med på ein virvelvind av ei førestelling, der dansenummera er ein storfavoritt, spanske rytme med Olé Olé, der Pippi vekselsvis er tyrefektar og tyren sjølv. Før det straks går over i livlege hallingsdans, og seinare får vi levert dansemoves frå Fortnight. Moro! 

Saken fortsetter under bildet. 



Pippi lyg og fortel historie, eventyr og visdomsord. Haiar som vert sjøsjuke, pappaer som vert blåst på sjøen og gleda av å vere ein «tingleitar». Pippi er snill og ho er sterk. Ho er streng, men mest av alt rettferdig. Som når ho møter tjuvar midt på natta, forstår at «dei er fattige som lus», og gir dei 2 gullpengar og beskjed om å «pigge av». 

Og huks! Det er farleg og tie for lenge, for då kan tunga visne. Det er heilt sant, for det seier Pippi Langstrømpe!

Den tøysete apekatten Herr Nilsson imponera med sine krumspring og balansekunstnar gjennom stykket. Barnevernsnemnda sitt ansikt utad, Prysseluskan, er morosam og presis, og det vise seg at Prysseluskan gøyme meir dyriske sider under kjolen. Her stråle også Pippi med sine visdomsord, når ho enkelt forklarar at ho er eit barn og ho bur i ein heim, altså har ho allereie ein «barneheim». 

Andre akt starta rett på og her får dei to politibetjentane verkeleg stråle, og spele ut sine komiske talent. Her er det truserøsk, tandemsykkel, blålys og mykje slapstick humor, til stor glede for salen. Det er og med ein kommentar om ei rosa truse med avokado på, om det her var ein del av den originale oppsetjinga er usikkert, men underhaldande var det utvilsamt. 

Saken fortsetter under bildet. 



Stykket Pippi Langstrømpe på Fyllingsdalen Teater er ein fargeklatt og ein glede for både små og vaksne. Og vi treng så inderleg ei Pippi i liva våre, og det er fantastisk at den rappkjefta frøkna frå 1945, framleis er like aktuell og underhaldande i dag! 

Og huks! Det er farleg og tie for lenge, for då kan tunga visne. Det er heilt sant, for det seier Pippi Langstrømpe! 

 

Andre Artikler