shutterstock_85864138_Vannsirkelen [Converted].jpg
24. februar 2020 Publisert første gang i Barn i Byen-Bergen nr. 85/2019

Med lupe på tur

– Pappa, kor kjem skyene frå?

Eldsteguten min var nettopp fylt tre år då me gjekk heim frå ein blaut luftetur på leikeplassen.Han såg på vatnet som rann i elva og over vegen, såg opp på den grå himmelen og spurde: – Pappa, kor kjem regnet frå?

Tekst: Lars Haugen Aardal

Naturfaglæraren i meg jubla, og var klar til å dele alt eg kunne om vasskrinslaupet, inkludert faseovergangar, trykkforskjellar og jetstraumar i atmosfæren. Men sidan eg var blaut og svolten, og helst ville ta guten på ryggen og forte meg heim, makta eg ikkje å seie anna enn:


– Regnet ramlar ned frå skyene!


Guten tenkte seg om ei lita stund, og kom så med eit nytt spørsmål:


– Pappa, kor kjem skyene frå?

Eg trakk pusten og forklara at skyene er laga av bitte små vassdropar som stig opp frå havet, samlar seg til større dropar og ramlar nedatt når dei vert for tunge.

Eldsteguten min tenkte seg om litt til, og sa:

– Men pappa, korleis kjem skyene seg opp på fjellet viss dei er laga nede i havet?


Å vera nysgjerrig
Det kjem framleis mange gravande spørsmål om det som er rundt oss når me er ute og går tur. Veit ein som vaksen ikkje svaret på alt, har ein lov til å undre seg og dele desse undringstankane med ungane sine.

Men pappa, korleis kjem skyene seg opp på fjellet viss dei er laga nede i havet? 

Heilt frå me er små, brukar me alle sansar for å finne ut meir informasjon om verda rundt oss – ting skal kjennast på og smakast på, lydar utanfor vindauget er uendeleg spennande, å gøyme ansiktet i hendene kan underhalde i timesvis, munnen kan brukast til å lage nye lydar og seinare ord. Denne nysgjerrigheita driv oss til å søke ny kunnskap om omgjevnadene våre, og gjer oss til meir erfarne menneske som kan litt meir om korleis ting heng saman. Mennesket er med andre ord avhengig av nysgjerrigheit for å utvikle seg.

Å vera i naturen – på fjell, strand, i skog, park eller hage – gjev eit heilt spekter av aktivitetar og stimuli som oppfordrar til nysgjerrigheit.


Dei små under
Det skal ikkje så veldig mykje til: Kva med ein tur i skogen med lupe og syltetøyglas, på jakt etter småkryp? Leite etter fine steinar, blomar eller ulike typar blad, sjå på elva som har gravd hol i vegen til naboen, eller finne ei gløymt ripsbusk og plukke til dessert.

Ein av dei kjekkaste aktivitetane me har gjort i år, har vore å dra på fisketur i elva ved Landåsdammen med dupp og krok. Det vart enno kjekkare då me faktisk fekk fisk (som me slapp ut att, så klart)! Fisken var forresten veldig glad i rosinbolle, men likte ikkje maiskorn.




FAKTA


Lars Haugen Aardal er far til to gutar som har det aller best når dei kan vera ute, i all slags vær. Han jobbar som naturfagslærer ved International School of Bergen, og er glad i å bruke naturen både på jobb og fritid, åleine og saman med familien

Andre Artikler