lys barn i byen copy.jpg
23. april 2019 Publisert første gang i Barn i Byen – Bergen nr. 71/2016

Skråblikk: Lyden av barndommens jul

Eg er glad i jul, sjølv om eg synest det er eit strev å pakke inn presangar, sjølv om eg synest det er for mykje forventningar om dyre gåver, og sjølv om eg syntes det er for mykje feit mat.

Skråblikk av Hilde K. Kvalvaag Illustrasjon: Pernille Horgen Bø

Men eg liker alle lysa, det som blinkar, eg liker pynten, eg liker luktene. Og mest av alt liker eg julesongar.

Og ein dag no før jul kjem den vesle lyshåra sonen min til å stå midt i flokken sin med barnehagebarn og synge julesongar. Eg håper at dei syng: «Tenn lys!», som strengt tatt er ein adventssong. Eg liker den best, fordi alle barna nettopp når det snart er jul, skin av ei slags barnleg forventning, lyser som lykter ved tanken på ei høgtid som dei kanskje aner egentleg er deira.

Eg kjem til å leite etter blikket hans blant alle dei andre, for eg vil vise at eg er stolt over han som står framfor alle foreldra og opptrer for første gong, at eg er der for han. Og når songen fyller barnehagerommet kjem det til å vere fylt med høgtid, dei små der framfor oss, litt sjenerte, samtidig stolte, som tar oppdraget så alvorleg. Å synge jula fram.

Eg liker så godt julesongar, slik dei liksom lagar sprekker av lys i desembermørkret, og aller best liker eg barnestemmer som syng julesongar. Og når det er det elska barnet som syng songar om å tenne lys, med alle dei andre nydelege små barna, så er det som ein kan høyre foreldrehjarta sukke.

Allereie då den nest eldste sonen min begynte i andre klasse, begynte eg å grue meg til han skulle bli ferdig med sjuande klasse og ikkje skulle synge lengre. Å ha barn er å ha nokon som syng til deg. Å ha nokon å synge med. Å ha nokon å synge for. Det er mykje anna og.

Å ha barn er å ha nokon som syng til deg. Å ha nokon å synge med. Å ha nokon å synge for.

Kjedeleg smøring av matpakker, masing, sure barn, sinte barn, bekymringar. Men då dattera mi sang «Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem. Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem», og ho hadde pynta seg, og ho smilte alvorleg medan ho song, smelta eg inn i øyeblikket. For det var jul, og siste gongen, for neste jul ville ho gå på ungdomskulen. Og eg ville halde fast i det øyeblikket, men det kunne eg ikkje, for lyden av barndom varer berre ein barndom. Det er dette eg ønsker meg til jul.

Allereie då den nest eldste sonen min begynte i andre klasse, begynte eg å grue meg til han skulle bli ferdig med sjuande klasse og ikkje skulle synge lengre

At den yngste sonen min skal synge «Tenn lys!» med dei små vennene i barnehagen. Det er det som er julegåva, for den kan ein ikkje kjøpe, den har ein vore så heldig å få, år etter år, heilt til barnet begynner på ungdomskulen, og ikkje er barn lenger, og stemma forandrar seg. Og alt forandrar seg. Og det som var, berre er eit minne. 

Men kanskje kan ein synge vidare. Synge «Tenn lys!» med dei som har blitt store. For når dei har blitt store nok, vil dei kanskje lengte tilbake til barndommens jul, dei og.


Foto: Forfatter Hilde K. Kvalvaag skriver fast for Barn i Byen. 

Andre Artikler