Skråblikk 67_BarniByen_illus_Bokse2-åring.jpg
23. april 2019 Publisert første gang i Barn i Byen – Bergen nr. 67/2016

Dei mest valdelege på planeten

Ute bles sludd mot vindauga. Inne i Åpen Barnehage leikar barna på golvet, medan mødrene eller fedrane følgjer dei med blikket og småpratar med kvarandre.

Skråblikk av Hilde K. Kvalvaag Illustrasjon: Tine Erika Fuglseth

Min gut sit roleg i kosekroken og leikar med ei ganske stor plastleike. Ein yngre gut nærmar seg, og medan eg er uoppmerksam eit halvsekund, kastarsonen min kasseapparatet på den yngre guten. Guten begynner å hylskrike.

«Han kasta den utan grunn. He is naughty!» seier mora, og smiler anstrengt medan ho held den skrikande guten trøystande inntil seg. Stemninga kjennest nokså anstrengt. Eg prøver å irettesette guten min, kjenner meg sikker på at ho tenker: Du har eit slemt barn. 

Min vesle son ser ikkje ut som om han angrar, der han nynnar for seg sjølv. Eg tenker mitt om den skrikande ungen. Var han ikkje på veg for å ta leika til sonen min, er det ikkje ein ganske frekk liten tass? Men uansett kor mykje eg er på parti med min elskede son, ser eg at ho nok har litt rett. Han er rampete. 

Eg hugsar gamle ubehagelege øyeblikk når ein av dei andre sønene mine brukte knyttneven. Likevel hadde eg ikkje trudd dette om den minste. Han er jo så snill, så blid, verkar så fornøgd. Han er også eit høfleg barn og seier tusen takk og vær så snill.

For eit par månader sidan begynte han å kaste ting på golvet med overlegg.

Han har nett fylt to, og har lagt i senga vår sidan han vart fødd. I si eiga seng vil han ikkje vere, og vi trur det er bra for han å ikkje ligge aleine når han er så liten. Han blir framleis amma. Han har tre søsken som er glade i han. Han skal ikkje begynne i barnehage før han er to og eit halvt, men saman med mormor bytter vi på å passe han, tar han med i åpen barnehage der han kan bli sosialisert. Ja, han er omgitt av kjærleik og gode intensjonar. 

Men for eit par månader sidan begynte det søte barnet vårt å kaste ting på golvet med overlegg. Når det knuste gliste han fornøgd, og fortsette med å knuse neste ting, med eit henrykt «haha», før maten gjekk i golvet, eller vart gitt direkte til hunden som låg under bordet. «Det må du ikkje gjere», sa vi. «Fy!», «Ikke lov!». «Haha», sa han. Og den siste tida har fleire «leikestunder» enda med at det andre barnet har begynt å gråte, fordi vår blonde engel har vore ufin.

I åpen barnehage vaktar eg på han, motlaus er eg klar til å kaste meg fram for å hindre meir vald, men så kjem trøysta brått og uventa. Ein far som er der med si søte vesle datter, seier: «Eg har lese at dei mest valdelege på planeten er 2-åringar».

Med den høflege rampen min i armane, skundar eg meg heim og googlar: «2-year olds most violent on the planet». Og jess, i følge solid forsking er mennesket på sitt mest valdelege når dei er to år gamle. Småbarn brukar meir aggresjon enn folk i valdelege gjengar. Det er snakk om å bruke vald fleire gongar i timen. «Takk Gud, at smårollingar ikkje har våpen», seier ein forskar på feltet. Takk for forsking, tenker eg, og tar barnet mitt på fanget, held han hardt inntil meg. «Du må vere snill gut», seier eg høgt, medan eg tenker:

Eg skal lære deg å bli snill, men om du nokre gonger er slem, så skal eg elske deg då også. Kanskje særleg då

Andre Artikler