Snømannens jul_Liten.jpg
08. november 2020 Publisert første gang i Barn i Byen-Bergen nr. 89/2020

Snømannens jul

Sondre Lerche har skapt ein barnebok til ettertanke som visar oss kor viktig det er å invitere inn.

Korleis er det eigentlig å stå på utsida i den kalde vinteren og kikke inn?

Anmeldt av Hege Rognøy Fossåskaret

Sondre Lerche er mest kjend som musikar og artist. I januar i år debuterte han som forfattar med essaysamlinga «Alle sanger handler om deg». «Snømannens jul» er Sondre Lerche sin debut som barnebokforfattar og er vakkert illustrert av Victoria Sandøy. 

Boka baserer seg på julesongen «Surviving Christmas» som Lerche gav ut samen med Jherek Bischoff i 2015. Både songen og boka har ein klar bodskap om solidaritet og nestekjærleik. Ein del av overskotet frå boksalet går til Amnesty International sitt arbeid med flyktningar.  

«Snømannens jul» tek til som ei tradisjonell julefortelling. Det er duskmørk kveld, og snøkrystallar svever over ein sovande by. Det er ro og fred i både teikning og tekst; «Mens snøen dekker skur og slott, skal vi få sove trygt og godt.» 

Utanfor kvart julepynta og lysande hus står ein einsleg snømann og ser lengtande etter festen han ikkje får ta del i.

Men for snømannen, som står på utsida av det varme fellesskapet, er vinternatta kald og einsam. Korleis er det å stå aleine i kulden når alle dei andre har gått heim til sitt? Utanfor kvart julepynta og lysande hus står ein einsleg snømann og ser lengtande etter festen han ikkje får ta del i. Det er eit rørande og sterkt bilete på utanforskap med klare referansar til H.C. Andersen og «Piken med svovelstikkene».  

Sjølv om snømannen i starten av boka vert skapt av menneska, som snømenn flest, er han eit stykke ut i teksten blitt til ein flyktning. Små lesarar som sjølv har trilla snø til hovud og kropp og trylla fram nase og auge av gulrot og småstein, vil kan hende protestere på at snømannen kjem som båtflyktning frå eit anna land. Men samanlikninga fungerer likevel fint som ei påminning om at også dei som nå står utanfor, har ein gong hatt ein stad å høyre til. 

Først når vi let snømannen komme inn, kan jula verkeleg ta til, heiter det i «Surviving Christmas». Og det står ei dør på gløtt i «Snømannens jul».

Lange, kalde kveldar er tida for å krype tett saman i sofaen med ungar i armkroken og ei god bok på fanget. Somme bøker er kun lun lykke, andre er fantastiske eventyr. «Snømannens jul» er ei julefortelling til ettertanke og ei mild påminning om å invitere inn.  


FAKTA

«Snømannens jul» 
Av Sondre Lerche
Illustrasjon: Victoria Sandøy 
2020, Cappelen Damm 
Ordinær pris kr. 279,-
Gratis til utlån på biblioteket

Andre Artikler