Arrangement

Badnajazzlogorød.jpg

Badnajazz på Voss

Badnajazz er barnas egen festival under Vossajazz. I år skjer dette lørdag 9. april.

Se mer om info og billetter her

Program:

11.30 – Torget, Voss sentrum
Badnajazzparade
Paraden går frå Torget på Voss, I forkant spelar unge toradermusikantar frå Voss, Voss skulemusikk spelar opp i Badnajazzparaden og alle er velkomne til vera med!

Gratis

12.00 – Voss kulturhus, kultursalen
Forfattartreff
Falturiltu er verdas største nynorske barnebokfestival, og den går føre seg på Stord i veke 45 kvart år. Det er blitt ein fin tradisjon at du får møta årets festivalforfattar på Badnajazz under Vossa Jazz! Terje Torkildsen er født i Stavanger i 1971. Han er utdanna norsklektor men har dei siste tiåra jobba som forfattar og artist. Han er kanskje mest kjent som drosjesjåføren i kultfilmen Mongoland og for eit titals populære ungdomsbøker på nynorsk, m.a. Dystopia-serien og Stavanger Stories I - III.

Gratis
12.30 – Voss kulturhus, Kultursalen
Konsert: Kalaskvintetten
Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Albert Åberg – på 70- talet vart alle desse bøkene til film og TV, med lydspor og musikk som vart kjenneteikna som både nyskapande og anarkistisk. I ettertid vert songane rekna som tidlause klassikarar. Kva var det eigentleg som skjedde i svensk jazz på 70-talet som gjorde at den beste musikken var barne-TV-jazzen? Svaret er Georg Riedel. No gjer eit stjerneensemble av norske jazzutøvarar – som vaks opp med desse svenske barne-TV-låtane – denne musikken til sin eigen, med stjernebassist Ola Høyer i spissen.

Ola Høyer – bass
Oscar Grönberg – piano
Hedvig Mollestad – gitar
Emil Strandberg – trompet
Dag Erik Knedal Andersen – trommer

Pris: 120,-


15.00 – Vangskyrkja, familiekonsert
LUX: Trygve Seim og Ståle Storløkken med solistar får Voss kulturskule
Saksofonist Trygve Seim og Ståle Storløkken på kyrkjeorgel slår seg saman med unge solistar frå Voss kulturskule, under leiing av Ingrid Langen Fjose, for ei storstilt framføring av Andrew Smith sitt Requiem frå 2012, som vart skrive til minne om ofra på Utøya. Musikken er laust basert på den katolske dødsmessa, og tekstane inneheld mange bibelske referansar til born og unge. Konserten tek utgangspunkt i plata LUX frå 2019, der Seim og Storløkken framførte musikken saman med Nidarosdomens jentekor og Trondheimssolistene.
Musikken i Requiem hentar mykje inspirasjon frå gregoriansk song, og ein kan høyra melodiske fragment frå eldgamle rekviemmesser i bakgrunnen. Trygve Seim sin saksofonimprovisasjon gjer det sakrale uttrykket friskt og levande, saman med Ståle Storløkken sine mektige orgeltonar og dei klåre klangane i stemmene til dei unge solistane.

Dette vert ein vakker konsert for folk i alle aldrar.

Trygve Seim – saksofon
Ståle Storløkken – kyrkjeorgel
Solistar frå Voss kulturskule under leiing av Ingrid Langen Fjose

Pris: 300 for vaksne, 120 for born