Arrangement

Snødronninga kappet.jpg

Snødronninga

Kor langt vil du gå for å redde din beste venn?

"Snødronninga" vert opningsframsyninga på den heilt nye Scene 2! Velkommen på familieframsyning før jul! Passar for barn frå 6 år.

Kor langt vil du gå for å redde din beste venn?

Kor lenge greier du å hugse på kor grei han er og kor gøy de brukar å ha det, sjølv om han plutseleg er dum og sur?

Gerda sin aller beste venn Kai er den finaste vennen i verda. Men så endrar alt seg. Kai får ein splint av Snødronninga sitt trollspegl inn i hjarta sitt og plutseleg vert alt det som var fint, stygt.
Han endrar seg og ein dag er han berre vekk. Har han berre gått frå bestevennen sin?

Heldigvis for Kai kan Gerda kjenne på seg at han er i fare. Heldigvis for Kai gløymer ho aldri at han innerst inne er den greie, gøye guten som ho elskar å leike med. Og Gerda vil ikkje sleppe venen sin. No legg ho ut på ei reise som vert lang og spennande. Og ho får bruk for all den varmen som finst i hjarta sitt. For ho skal langt langt mot nord, der Snødronninga har tatt Kai til fange i ispalasset sitt.

Bli med Gerda på reisa og sjå kven ho møter på vegen. Bli med modige Gerda som tør møte Snødronninga for å befri sin venn.

Snødronninga
Fritt etter H.C Andersen
Gjendikta av Solrun Toft Iversen

Regi: Terje Naudeer
Scenografi og kostyme: Tora Troe
Lysdesign: Jon Eirik Sira

Med: Reidun Melvær Berge og Sigmund Njøs Hovind

Familieframsyning. Frå 6 år

Kr 320/220. NB: Kampanjepris før 14.11 kr 170. Kodeord: SNØ

Kjøp billettar her