
Ulla - teikning og forteljing med Anna Folkestad 2022
Forfattar og illustratør Anna Folkestad er ein engasjerande formidlar som teiknar og fortel.
Ulla og flokken leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne. Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem. Kjem Ulla til å finne flokken sin?
Illustrasjon: Anna Folkestad