Arrangement

2018.09.29-Lillelordag forfattertreff_Zara og dei.jpg

Mørkefestival med Zombie-moro!

Zara og dei, forteljing og film med Bjørn Sortland.

Har du høyrt om Zara og dei? Under mørkefestivalen kjem Bjørn Sortland og les og fortel om den vesle Zombie-familien. Han viser og animasjonsfilmen Gorillahjerne til middag som er basert på den første boka. Det blir zombie-anletsmaling for dei som tør!

Vi veit ikkje så mykje om Zara og dei. Men Zara og dei blør visst forferdeleg mykje naseblod. Og Zara og dei stel visst både gryter og barn frå andre folk. Dessutan bur Zara og dei i campingvogn. Og kva et eigentleg Zara og dei til middag? Heilt sikkert noko skikkeleg nifst.
| Auditoriet | Familiesøndag/Mørkefestival | Forfattermøte og film | ca 30 min | Fra 5 - 11 år |