
Tenk om du var ein katt!
Frøydis Flotve og Erna Osland les og leikar med ni nye eventyr frå boka "Gullfalken".
Familielørdag : Tenk om du var ein katt!
Likar du å høre eventyr? Då kan du komme til biblioteket og kose deg med Frøydis Flotve og Erna Osland som les og leikar med eventyr frå boka "Gullfalken", ni nye eventyr.
Her er det heilt nye eventyr å bli kjend med!
Erna Osland er ein av våre mest prisløna forfattarar og ein flott formidlar. Frøydis Flotve frå Teaterfrø har mange års røynsle med teater for born.
Eventyra i Gullfalken er illustrerte av Inger Sandved Anfinsen.