
Pianolaboratorium
Biblioteksmusikken: Pianolaboratorium
Korleis kling ein bolt oppi pianoet? Korleis kling ein gaffel? Er flygelet så stort fordi det skal ha plass til ein kval oppi?
Dette, og mange fleire spørsmål, vil bli forska på i verkstaden til komponist og pianist Dr. Else Olsen S. og lydforskar Åsmund Storesund (11 år).
nyMusikk Krapyl inviterer deltakarane med som forskarar, og vil bruka lydane dei finn til ein heilt ny song som me skal laga saman.
Ingen forkunnskaper treng, berre lysta til å laga lyd!