
nyMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer Bodil Rørtveit
Lørdag 13.5
nyMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer Bodil Rørtveit
Medvirkende: Bodil Rørtveit
Vokalkunstnar og komponist Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull, særegen vokalkunstnar med stor stemme. Ho krysser gjerne sjangergrenser frå folkemusikk via klassisk og eksperimentell musikk med stort fokus på improvisasjon og klangfargar. Forholdet til naturen står sterkt i prosjekta hennar. Ho samarbeidar ofte med scenekunstnarar i prosjekta sine, blant anna i konsertforestillinga Sustain der alle instrumenter var laga av plastsøppel (urframført på Festspillene i Bergen, og seinere i orkesterversjon med Bergen Filharmoniske Orkester). Våren 2021 hadde ho premiere på Det Vestnorske Teateret som komponist og utøvar på soloforestillinga “RØYST - eller Bodil sluttar med innestemme”. Under Festspillene i Bergen 2021 gjorde Rørtveit det kritikarroste konseptet sitt; “Hengekøyekonsert”, der publikum lytta til musikken og fuglesang i hengekøyer i skogen.
På denne konserten vil Bodil leike med stemma og live vokal looping, og på den måten lage eit vokalorkester heilt på eiga hand. Ho vil også involvere publikum på ulike måtar undervegs, med ønske om å skape ein unik augneblink mellom scene og sal. Korleis kan vi for eksempel lage lyden av ein skog med berre stemmene? Eller regn?
(Foto: Øystein Haara)