Arrangement

DSC04381.JPG

He, he! Eg ler meg i hel! - interaktivt teater

Likar du å le? Kom på biblioteket!

Eg ler meg i hel er ei interaktiv framsyning der ungane saman med klovnen utforskar latteren og kor viktig den er for oss. Framsyninga er basert på Erna Osland si nye fagbok for barn «He, he». Teaterpedagog Frøydis Flotve og teaterklovn Ingeborg Stige inspirerer små og store til latterløye og vidare utforsking. Korleis har vi det saman, kven ler vi av, og kven ler vi med? Blir vi snille av å le? Eller friske? Og kvifor ler barn så mykje meir enn vaksne? Hovudmålgruppa for framsyninga er frå 3 -6 år, men ho passar for alle. Varar i ca 30 minuttar.