Arrangement

615d91db3cbd391252f20bb8_Eithjartetiljul_d98ad2322a2aa0779351c84c3fbe16ef-p-1080.jpeg

Eit hjarte til jul

Mammaen til Nora ligg på sjukehuset. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora vil så gjerne at mamma skal bli som før. Men kva om mamma blir heilt annleis med eit nytt hjarte? Tenk om ho ikkje vil kjenne Nora att? Det synest ho er skummelt å tenke på. 

Då er det godt å ha ei farmor som veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet, og over himmelen fer det eit stjerneskot. Kanskje Nora sitt ønske om at mamma skal bli frisk går i oppfylling òg?

Eit hjarte til jul er ei musikalsk juleforteljing for heile familien med Line Dybedal (piano, song og høgtlesing) og Mathias Marstrander (gitar)

Illustrasjonar av Line Renslebråten

Kr 50. Kjøp billetter her