
Riksteateret: Trollmannen fra Oz
Foto: Mats Bäcker
Familiemusikalen Trollmannen frå Oz. Med Riksteateret. Oseana kunst og kultursenter 18. mars kl 17.
Det er gått mange år sidan sist Riksteatret sette opp ein skikkeleg musikal. No skal vi endeleg gjere det igjen. Og då har vi like godt valt oss ein av dei verkeleg store klassikarane: Trollmannen frå Oz. Det er jo ingenting som på same måten samlar eit publikum på tvers av generasjonane som musikkteateret.
Som Dorothy får du møte den nye stjerna Mari Lerberg Fossum. Ho har tidlegare gjort suksess både som Sophie i Mamma Mia og Belle i Skjønnheten og udyret. Og regien er ved multitalentet Alan Lucien Øyen, som gjennom dei seinaste åra har vunne seg eit stadig større namn, også langt utanfor landets grenser.
I han har norsk teater fått seg ein ny trollmann, og han lovar oss ei fargerik og frodig og livsglad framsyning, for eit eventyrlystent publikum i alle aldrar!
Speletid: 2 t (inkl. pause
Familiemusikalen Trollmannen frå Oz
The Wizard of Oz
av L. Frank Baum, Harold Arlen, E.Y. Harburg og John Kane
Omsett av Bjørn Endreson